HINDERSKOLEN
Bli med på Hinderskolen med Bjørn Kastenman! Bygg din egen 90 cm terrengbane og få rideveiledning!
 :: Hinderskolen, generell del
 :: Hinderskolen del 1 - Gapahuk
 :: Hinderskolen del 2 - Kulvert
 :: Hinderskolen del 3 - Kulverthekk
 :: Hinderskolen del 4 - Sofa
 :: Hinderskolen del 5 - Oxer
 :: Hinderskolen del 6 - Bord
 :: Hinderskolen del 7 - Trakhener
 :: Hinderskolen del 8 - Oppsprang
 :: Hinderskolen del 9 - Steeplehekk
 :: Hinderskolen del 10 - Trebentbord

FELTRITT
 :: Om Knøttecup
 :: Om Pay and Cross
 :: Protokoll Pay and Cross

INNGANGSBILLETTEN
 :: Grønt kort - hva og hvorfor?


 
FELTRITTBANER I NORGE
Feltrittbaner og treningsbaner for feltritt
 :: Konglungen Rideklubb, Asker
 :: Jæren Kjøre & Rideklubb
 :: Sør-Varanger Rideforening
 :: Skedsmo Rideklubb
 :: Øvre Vang Kjøre- og Rideklubb
 :: Nedre Setesdal Rideklubb
 :: Kongsvinger og Omegn Ridekl.
 :: Starum Hestesportsklubb
 :: De Norske Officerers Rideklub
 :: Steinseth Rideklubb, Asker
 :: Øvre Romerrike Rideklubb
 :: Linnesvollen, Drammen (DOR)
 :: Mossemarka, Moss Rideklubb
 :: Tromsø Ryttersportsklubb
 :: Tana Kjøre- og Rideklubb
 :: Ellingsrud Rytterklubb
 :: Bruråk Hestesportsklubb, Trondheim
 :: Stend og Midthordland Hestesportslag


 
FELTRITTBANER I SVERIGE OG DANMARK
 :: Sämsholm Ryttarförening
 :: Ribersborg, Malmø
 :: Bollnäs Ridsällskap
 :: Segersjö Fältrittklubb
 :: Trossnäs, Karlstad
 :: Föreningen Plönninge Rytterna
 :: Ljuslingsbacken, Sverige
 :: Startfälttävlan Södertälje Ridklubb
 :: Strömsholm
 :: Humlamaden Ryttarförening
 :: Kirkehavegaard, Danmark, Nordisk-Baltisk Mesterskap 2011

EKSEMPLER PÅ INTERNASJONALE FELTRITTBANER
 :: Thirlestane, Skottland
 :: Mitsubishi Motors Grassroots Championship 2010 og 2011, Badminton
 :: Mitsubishi Motors Badminton Horse Trials 2010 og 2011
 :: Ponni EM Bishop Burton
 :: Ponnifeltritt i Pau - shettis/120
 :: Les Etoiles de Pau, CCI4*
 :: VM 2010, Kentucky Horse Park
 :: Terrenghindre fra California, USA

Ei av gruppene på veg ut i feltet. Her med fleire sentrale medlemer i Nedalen Hestesportklubb. I front, Mette-Maya Sverdrup og midt i feltet, nestleiar Christian Steinback.


Selbu på feltrittkartet
Oppdatert: 04/04-2012
Tekst: Steinar rdal, foto: Lene Lkken og Steinar rdal

Helga 28. - 30.10.11 arrangerte Nedalen Hestesportklubb klubbtrening med fokus på feltritt for både røynde og urøynde utøvrarar under kyndig rettleiing av Malvin Paulsen. Ei fartsfylt, krevjande og triveleg helg for både rytterar og hestar.

Nedalen Hestesportklubb har med sine ca 25 medlemer sidan hausten 2009 halde på med bygging av feltrittbane i tilknyting til Selbu Travbane, der dei òg har klubbhus og fasilitetar som dei deler med Selbu Travlag. Feltrittbana er, trass i avgrensa ressursar, svært bra med særskilt god sole og ligg i vakre omgjevnadar tett inn til Selbusjøen. Pr. i dag er det bygd 10 fysiske hinder.

Etter planen skulle instueringa gå over tre dagar med start fredag. Grunna utanomliggande omstende ville det seg ikkje slik at flya gjekk etter rute på fredagen og Malvin kom difor ikkje til Selbu i tide for noko opplegg den dagen. I staden vart den planlagde økta på fredag gjort om til to økter sundag! Det enkle er ofte det beste!

Nestleiar i Nedalen Hestesportklubb, Christian Steinebach på Mummi, i felten til vaktsame auge av Malvin Paulsen


På slaget 08:30 laurdag 29.10.11 tok den første av dei fire gruppen til med riding for instruksjon av Malvin og då med fokus på grunnleggande sits. Kvar av gruppene hadde to økter i løpet av dagen avbrote av varmlunch og teoridel i klubbhuset. Økt nummer to hadde fokus på ridevegar og posisjonering av hest og rytter framfor og over hinder.

Malvin Paulsen hadde eit særskilt godt auge for den einskilde rytter sine dugleikar og utfordringar. Både dei ferskaste ryttarane og sjølv dei som har stilt i fleire feltrittkonkurransar frå før, fekk instruksjonar og attendemeldingar som opna auge for alt frå grunnleggande rideteknikk for nokon til tenlege detaljar for andre.

På laurdagkvelden var det samling heime hjå nestleiar i Nedalen Hestesportklubb, Christian Steinebach, der alle fekk sjå feltrittinstuksjonsvideoen frå British Eventing med Malvin sine kommentarar og tankevekkjarar før det var tid for middag og seng – dei fleste ropa etter pute og dyne, då alle hadde gløymt at det var tid for å stille klokka i løpet av natta.

Sundag morgon var det tid for å kome seg ut i terrenget. Grunnfokuset frå dagen før vart omsett til reelle sprang og reelle utfordringar i både hinder, vanngrav og bratte bakkar. Det var som ein formeleg såg smil vekse fram både hjå hestar, ryttarar og instruktør. Benjamin Sverdrup (bildet) på King og Jakob Byvik på Kindar på veg ut i det våte element.

Sundagen var òg kursdeltakarane delt inn grupper. Gruppeinstruksjonen vara fram til lunch. Etter lunch fekk kvar einskild kursdeltakar i oppgåve å planlegge si eiga hinderløype der ein skulle ta omsyn til gjevne grunnprinsipp og sine eigne dugleikar. Kvart einskild løypeforslag vart presentert for Malvin og han gjekk gjennom tankerekkjene for vala med den einskilde.

Anna Gjessjø på Blesten over «vedstabelen»


Kurset vart avslutta med at kursdeltakarane rei sine planlagde baner for så å få sumering frå Malvin om hans intrykk av meistringsnivå hjå hest og rytter.

Ut frå kommentarane frå kursdeltakarane og ut frå tenninga hjå hestane er det lett og konkludere med at kurset var ein suksess, men det kan nok tenkjast at det var nokre stive musklar både hjå hestar og rytterar når måndagen kom...!

Kristine Kvaløy Aune på Obelix


Nedalen Hestesportklubb har plan om eit nytt «Malvin-kurs» til våren og har då òg plan om å halde sin første knøttecup som avslutning på kurset.

Med gløden som var i augo til kursdeltakarane siste helga av oktober 2011, er det vanskeleg å sjå føre seg at ikkje Selbu har kome på feltrittkartet for å halde seg der.



:: Tilbake til forsiden...
1





 

 

 

 

 
Kjekt å kunne!
 :: Konkurransereglementene


 

 

 

 

 

    

webansvarlig: Mette Sattrup
www.equimedia.no


Ditt nettsted for hest
webmaster: stensborg consulting
www.stensborg.no